
06.05.2007 11:12
Miside - felles inngang til offentlege tenesterNoreg.no er i sluttfasen med arbeidet som skal munne ut i lanseringa av Miside om kort tid. I denne orienteringa fortel vi litt om kven Noreg.no er, kva som er målet med Miside og korleis kommunane kan kople seg på.
Noreg.no har i dag kontakt med mange kommunar som tilbyr eller er i ferd med å utvikle digitale tenester. Vi trur at når innbyggjarane får tilgang til Miside vil forventningane til å kunne utføre tenestene elektronisk auke. Difor vil vi oppmode både kommunane og dei statlege etatane om å vere aktive i arbeidet med å tilby digitale tenester. Til fleire kommunar og etatar som kan synleggjere tenester gjennom Miside, til betre vil brukaropplevinga av offentlege tenester bli for innbyggjarane.
Om Noreg.no
Noreg.no er ei verksemd under Fornyings- og administrasjonsdepartementet (FAD). Vi er den leiande nasjonale portalen for formidling av offentleg informasjon og offentlege tenester i Noreg. Tenestene våre skal gje brukarane enkel og effektiv tilgang til det offentlege. Vi driv internettportalane www.noreg.no, www.norge.no og www.norway.no. Vi har også ei publikumsteneste som hjelper brukarane å finne fram i det offentlege. Brukarane kan kontakte oss via nettprat, telefon, e-post eller sms.
Miside – det offentlege servicekontoret på Internett
Miside er ein felles inngang til offentlege tenester på Internett. Her kan innbyggjarane utføre tenester elektronisk og få tilgang til registeropplysningar, frå kommunar og statlege etatar. Miside-prosjektet er initiert av FAD. Saman med informasjonstenestene i Noreg.no vil Miside vere ein inngangsport til offentleg sektor, som vil gjere det enklare for innbyggjarane å finne fram i det offentlege.
Miside vil gje brukaren:
Innsyn i personleg informasjon frå fleire offentlege register. Høve til innsending av søknader, registreringar og førespurnader. Sikker dialog mellom det offentlege og innbyggjarane. Sikker pålogging.
Kommunane og Miside
Miside ynskjer å presentere kommunale tenester til innbyggjarane. Eit hovudmål er å tilby tenester for folk flest. Som ei følgje av at kommunen er det forvaltningsnivået som er ”nærast” innbyggjaren, er kommunale tenester eit satsingsområde for Miside.
Miside er bygd opp slik at innbyggjarane sin heimstadkommune (i følgje Folkeregistret) ligg som standard. I tillegg til denne kan innbyggjarane velje andre kommunar, som dei igjen kan velje kommunale tenester frå. På Miside vil det liggje eit vidt spekter av tenester. Nokre vil vere lik for mange kommunar, til dømes søknad om barnehageplass. Ei og same teneste kan likevel vere levert av mange ulike tenesteleverandørar. Andre tenester kan vere spesielle for nokre få kommunar, til dømes melding til samferdsleetaten om hol i vegen. Utfordringa blir å tilpasse tenestene til den tekniske strukturen på Miside. Eit godt samarbeid mellom Miside, den enkelte kommune og kommunane sine samarbeidspartnarar, er heilt nødvendig for å få dette til. Det er den enkelte kommune som har hovudansvaret for å gjennomføre tilpassinga. Fyrst og fremst må det etablerast dialog med Noreg.no. Denne dialogen kan gå direkte mellom Noreg.no og kommunen, via KS eller via leverandørar av kommunale tenester. Mange kommunar har kome langt i utviklinga av digitale tenester. Andre kommunar har planar om å utvikle digitale tenester. I begge tilfelle ynskjer Noreg.no ein dialog med kommunen, anten direkte eller via samarbeidspartnarar.

